Bekarweb

Blir stugugrisar- forhåndsomtale i Hallingdølen


B-karad’n inviterer
til revy med lokale
sleivspark, sjølvironiske
innslag og
kraftige herrestemmer.
Laurdag
er det premiere.

Stein Torleif Bjella
stb@hallingdolen.no

Det nærmar seg revystart for
B-karad’n. Det produktive
mannskoret frå Ål ligg i hardtrening
på Votnahall kor kveld
fram til premieredagen. Dei
lokkar med framsyninga «Frå
Bekar til stugugris», med undertittel
«Ein TV-kveld med
B-karad’n». Då Hallingdølen
var innom på øving var karane
utstyrt med fulle kostyme.
Det ljoma i tømmerveggene
på ungdomshuset og karane
var godt i gang med fi npussen.
I tillegg til ei rad med ulike
sketsjar, skal i alt 16 større
og mindre innslag også visast
på ein stor tv-skjerm som står
bak på scenen

Fått koppelam

– Me har gjort mange snedige
grep. Du kan få sjå Fjernsynskjøkenet
med ein spektakulær
sceneteknikk, seier Øystein
Kilde. Han har fått på seg kjole
og skaut og gjort seg klar for
neste revyinnslag. Kilde fortel
at den blinde kokken Ølvin Jær
med sin døve medhjelpar kjem
til å kokkelere både opp og ned
i lokalet. Dessutan er den folkekjære
serien Norge Rundt bytta
ut med den noko meir lokale
Votndalen Rundt. B-karad’n
har fått med seg gjesteartistar
frå nabobygde Leveld. Både
Birger Bakkeplass og Marita
Dokk deltek på revyen.
– Dessutan har me fått oss
koppelam. Stein-Ove Thon
har gått gradene i koret og er
no klar for solistoppgåver. Han
har vist stor framgang på kort
tid, seier Kilde høgtideleg.

Var på TV

B-Karad’n har oppnådd mykje
sidan dei vart drege i gang
for seks-sju år sidan. Mange
hugsar nok framleis den førre
revyen dei sette opp. Koret
har også hatt mange oppdrag
rundt om i landet. For to veker sidan var dei på TV2 under
frukostsendinga.
– Å vera med i B-karad’n er
sosialt og hyggjeleg. Me deler
interessa for sang og har opplevd
mykje saman. Me har jo
vore på tur til både Belgia,
London og Brussel, forklarar
Kilde.
 
Lovar moro: B-karad’n har eit variert
revymateriale
å lager. Øystein
Kilde har fått på seg kjole.
Nils
Håkon Tveito til høgre.



Gjesteartistar: B-Karad’n har
fått med seg gjesteartistane Birger
Bakkeplass og Marita Dokk.


Smørsongarar: F.v. Stein-Ove
Thon og Olbjørn Thoen.





Lokale historier

«Frå Bekar til stugugris» er
fylt med lokale poeng, song
og skodespel. Det blir heimevernshumor,
rapport frå Pål
Bang-Hansen og smøraktig
svensktopp-kavalkade. Koret
har øvd til revyen regelmessig
sidan nyttår, men gått svanger
med planane lenger. I eit par
år har dei fi lma med tanke på
innslag.
Lars Inge Tverberg har vore
dirigent i koret heile vegen og
er ansvarleg for musikken.
– Og primus motor har vore
Nils-Håkon Tveito. Utan ein
slik alt-mogeleg mann, songar
og skodespelar ville det ikkje
blitt revy, forklarar Kilde. Han
reknar med at nokon vil kunne
kjenne seg att i revyen.
Instruktør i Hallingdal Teaterverkstad
Gry Tøsdal har
vore med dei siste vekene.
  
Publisert med WideCMS4 - Levert av BeWide Technologies