 |
Glitrande show frå B-karad`n
Dei la lista høgt og landa ståande. TV-kvelden med 13 sprelske, haustkåte og songglade B- karar og to stugu grisar har høg underhaldningsfaktor.
Torbjørn Gunhildgard tg@hallingdolen.no
 B-karbryllaup: Brura (Øystein Kilde) og brudgom Arnfinn Noss fekk kvarandre til song og applaus frå resten av B-karflokken.
Dei som valde TV-kveld på Votnahall i staden for godstolen heime i helga, har ingen grunn til å angre. Forestillinga «Frå Bekar til Stugugris» bør alle som likar god og variert underhaldning med lokale amatørar få med seg. Sjansen byr seg i slutten av veka. B-Karad’n og stugugrisane er klare med nye forestillingar torsdag, fredag og laurdag.
Haustyre B-karar Det har gått over tre år sidan sist kameratfl okken i B-Karad`n inviterte til festforestilling med song og mykje attåt. Den gongen var det vårslepp. No var det haustforestilling, midt i fårikålsesongen, utan at det la nokon dempar på spelegleda. Kanskje sprudla dei ekstra fordi dei kom heilskinna frå haustslaktinga. Dessutan er det ikkje lenge til høgsesongen. Forestillinga var lagt opp som TV-kveld der stugugrisane Marita Dokk og Birger Bakkeplass sat i sofaen og svitsja med fjernkontrollen. B-Karad`n dukka opp vekselvis på skjermen og live. Ein miks som fungerte godt som bindeledd mellom innslaga.
Svenskane kjem For nokre år sidan la svenskane under seg turistbygda Hemsedal. No er det like før dei kjem og kuppar Ål Skisenter og dei planlagde storutbyggingane i området. På skjerm og scene får ein sjå korleis det går når svenskerallarane kjem til bygda. Det blir nok nådestøyten for landbruket og bygdekulturen i Nordbygdene. Visitten av fargesprakande svensktopp-artistar var ein forsmak.
|  Svensktoppar: Svensktoppartistane Sune og Gøran (Stein Ove Thon og Olbjørn Thoen) gav ein forsmak på kva som er i vente når svenskane legg under seg
«Nok ein gong fekk me høyre mannskorsong langt over det ein kan forlange av amatørar. Fleire er også svært habile solistar»
«Votndalen Rundt» Ein fornøyeleg «Norge Rundt»- kopi, omskriven til «Votndalen Rundt», kalla fram lattermusklane. Det gjorde også TV-innslaga om Fjernsynskjøkkenet med opp/nedfi lming, EU-kampen som synest fortapt, nedlegginga av Torpomoen, og tidskollisjonen mellom ny og gamal tid i skibakken. TV-innslaga var gode og forseggjorde. B-Karad’n har lagt sjela si i å fi nne gode idear og gjennomføre dei. Det ligg eit enormt arbeid bak den delen av forestillinga.
Song, show og sketsjar Det var songgleda som drog BKarad’n saman for sju-åtte år sidan. Songen har alltid vore fundamentet i kameratfl okken. Nok ein gong fekk me høyre mannskorsong langt over det ein kan forlange av amatørar. Fleire er også svært habile solistar. B-Karad`n har skodespelartalent, det viste dei i fl eire gode sketsjar og showinnslaga. Sjølvironi, humor og humør gjekk att gjennom forestillinga. Å harselere med seg sjølv og kvarandre er god underhaldning.
Frontfigur I eit revyensemble skal ein vera forsiktig med å framheve enkeltpersonar. Alle er viktige brikker i heilskapen. Men at Nils Håkon Tveito fortener ein ekstra blome, er nok alle samde om. Han har skrive alle tekstane, klekt ut dei fl este ideane og dratt tyngste lasset. – Utan Nils Håkon hadde det ikkje vorte forestilling, sa Øystein Kilde og overrekte blomar til B-karkameraten etter premieren. Velfortente blomar fekk også musikalsk leiar Lars Inge Tverberg, sceneinstruktør Gry Tøsdal ved Hallingdal Teaterverkstad og dei to stugugrisane. Men det var 12 karar til som hadde fortent ein blomsterkvast.
 Frontfigur: Nils Håkon Tveito har skrive alle tekstane og hatt hovudrolla både før og under forestillinga.
|
|
| | |
|