 |
Adventsturné i Berlin
 B-KARAR I BERLIN
Mannskoret B-karad’n frå Ål har vore på adventsturné i fire dagar og halde konsert i to kyrkjer i Berlin.
Me vart inviterte ned av vårt tyske medlem Axel Baumgärtner til hans tidlegare elitekor, og fekk representera Hallingdal i verdsbyen.
Litt skjelven i buksene var me ved å skulla blanda oss med dette koret både til fellesnummer og eigenkonsert. Men koret og publikum tok vel i mot oss og sette stor pris på bekarane sin barske songstil. Dei gav oss ein brakande applaus!
Det var ei utfordring å skulla syngja på seks ulike språk + nynorsk, men det var lærerikt, og turnéen vart ei stor oppleving på alle vis.
-Jostein.
|
B-karadn og Carl-von-Ossietzky-Chor
 Felleskonsert!
 Julepynten var på plass
Eisbein til hele gjengen!
|
|
|
|